onsdag 29. april 2015

Papaya

For litt sidan vart eg kontakta av søte Heidi som driv nettbutikken heidishoff.no
Ho lurte på om eg ville teste ut nokre produkt og sjå om eg likte dei. 
Etter å ha tatt ein titt på utvalget, så var svaret eit klart ja
Der var så mykje fint! Når deler av salget i 
nettbutikken går til eit kvinneprosjekt i India, 
så vart det eit dobbelt-ja

Heidi har designa sin eigen nydelege
smykkekolleksjon som ho sel i butikken sin.
Hun er også distributør for det Amerikanske merket Papaya.
Papaya-produkta har glade farger og herlege motiv
Eg kosa meg med å ta nokre bilder av dei, 
under her ser du eit lite utval;
[notatbok- nøkkelring]
[Bilde med oppheng]
[gavepapir og gavelapper]
 [Nøkkelring]
[Bagasjelapper]

Ta gjerne ein titt innom heidishoff.no 
Ved bruk av rabattkoden HVF20 får du 20% på alt 
i nettbutikken! Enjoy!

Ha ein herleg kveld!


Klem frå Bjørg :-)


//produkta i dette innlegget er sponsa//

søndag 19. april 2015

Skap med favorittfargen Nude

Foreldra til mannen hadde eit brunt skap som dei ikkje trengte lenger. 
Vi trengte meir oppbevaring til sengetøy, så vi ville gjerne ha det. 
Med nokre strøk med min store favorittfarge om dagen
 Nude (S1015-Y70R) så vart det ganske fint, 
synast eg.
Skapet er plassert i gangen oppe, 
som definitivt trengte noko nytt. Med nokre gamle fat 
på veggen og prikker på veggen så vart det til den miksen eg liker så godt. 
Nostalgisk med ein moderne vri.
Eg drøymer om kvitmålte golv her oppe. 
Men den draumen får vente litt til..
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 15. april 2015

Kjærleik til Pelargonia

Fingrane mine er definitivt ikkje grøne. 
Eg er dessverre skuld i at mange planter har enda sine liv 
og blitt gravlagd i komposten. Unnskyld! Men av ein eller anna grunn så får eg til pelargonia. Kanskje fordi dette er min absolutte favorittplante? 
Spesielt er eg glad i Dronning Ingrid. Kanskje kjærleiken 
eg har for dei, gjer at eg kan handtere desse? ;)
 Når kuldegradene kjem, set eg plantane på eit gjesterom eller i kjelleren 
med tilgang til naturleg lys. Dei får omtrent ikkje vatn og går i dvale til ca mars. 
Då klipp eg dei ned, gjer dei ny jord, gjødsel og set dei i stove-vindauget. 
Samtidig tar eg avleggerar slik at samlinga veks litt kvart år.
Det er stor glede å kunne ta små avleggerar, plante dei 
og sjå at dei veks seg store og fine.
Nokre av pelargoniane står i stova vår heile sesongen. 
Andre får kome ut og pynter flott på uteplassen vår med sine fine rosa blomar
Det er viktig å fjerne blad og blomster som visnar, så blir pellisen stor og flott :)
 Det finns sikkert metodar som er meir "riktig", 
men dette har fungert for mine i alle fall :)
 Har du grøne fingrar?

Klem frå Bjørg :-)

fredag 10. april 2015

God helg til deg!

Vi har hatt ei fin påske med hyttetur, familie og tur til Hakallegarden. 
Påskehelga gjekk som vanleg altfor fort. Etterpå klarte eg sjølvsagt å bli sjuk. 
Då er det greit å ha bilder klare på PC'en frå før, slik at ein har noko
 å drive med liggande som eit slakt på sofaen ;)
Eg var også på eit etterlengta loppemarked i påska. 
Men eg fann ingenting!! Noko som er rart til meg å vere. Istaden fekk eg
 med meg fantastisk fine ranunkler frå ein blomsterbutikk. Eg blir aldri lei av 
disse flotte blomstrane! Såå fine!
No skal eg fokusere på å 
bli heilt frisk og kose meg med familien min i helga!
Mannen gjer siste innspurt på vaskerommet vårt for tida. 
Og eg gleder meg villt til det er ferdig! :)
Ønsker deg ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails