mandag 29. desember 2014

Jul på soverommet

Med raudt sengetøy på soverommet, 
så blir det julestemning der og :)
Her nyter vi fine romjulsdager
 og endå ei veke med fri for meg og jentene.

Eg håper du og har det fint!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 25. desember 2014

Julafta 2014

Vi hadde ei kosleg julafta med godt selskap, altfor mykje god mat, 
litt utolmodige jenter og til slutt mange fine gåver. No har vi
 ei lang og avslappande romjul foran oss. 
Og det er fint! :)
Mannen koser seg i pysj, kaffi i koppen og tre nøtter til Askepott. 
På ein altfor liten stol ;)
 Ønsker deg ei fortsatt fin jul!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 18. desember 2014

Ja takk, begge deler!

 Det nærmer seg jul
Heimen har fått meir julepynt, 
nokre kakesortar er baka og julevasken er ikkje starta på. 
Alt er som vanleg med andre ord!
 
Når det gjeld julepynting liker eg godt
 både den tradisjonelle stilen og den meir moderne. 
Difor vart det ei blanding av begge stilane i heimen vår denne jula. 
Ja takk, begge deler ;) 
 Raudt, smårutete og soppar fungerer saman 
med greiner med utradisjonell pynt og prikkete adventsstjerne i mint. 
I alle fall etter mi meining ;)
Desse opphenga har eg laga sjølv 
av målte trekuler frå Panduro og hyssing. Stjernene
 har eg kjøpt ferdig bretta.
Korleis julepynter du?

Klem frå Bjørg :-)

mandag 8. desember 2014

Desemberutfordring: Innrede med planter

Eg hiv meg med på Nib si utfordring å innrede med planter i siste liten. 
Det vart eit dykk i arkivet denne gongen. Det er ikkje så lett å få
 tatt nye bilder i dagslys for tida.
Sjå alle bidraga her!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 6. desember 2014

Jula flytter inn i heimen

Jula flytter meir og meir inn i heimen vår. 
Raude fargeklatter titter fram her og der. Det gamle
trauet er på plass på den turkise skjenken. I gangen, på tavla der 
har eg tegna ein liten by i snøver.
Eg håper du har ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 4. desember 2014

Pangstart på desember

Vi starta desember med eit "smell" . 
Sjukdom i hus, lite søvn, ein mann som jobba nattevakt, julepynting, 
vasking, besøk av lokalavisa og 2 bursdagselskap. Det seier seg sjølv at det har vore ei 
travel veke ;) Men det enda bra og alle vart fornøgde! Bildene er frå Ariel sitt barnebursdag-selskap. Den lille jenta mi er plutseleg blitt 5 år stor :)
Ariel kan ikkje få nok av My Little Pony for tida, 
så då måtte det sjølvsagt bli tema på kaka. Den vart veldig enkel,
 sjokoladekake med marsipanhjerte. Også sette eg to 
ponnier på, som også var ei gave. 
Det vart suksess :)
Pyntinga vart enkel den og, 
men det er igrunn slik eg liker det. Fine farger og enkel dekor :)
 No gleder eg meg til å fortsette desember
 med litt lavare skuldre ;)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails