torsdag 31. oktober 2013

AVSLUTTA

Eg har fått gleda av å gje vekk ein super premie sponsa av Jotex.no
 til ein av de fine leserar der ute. 
Du kan vinne;

 2 stk Gunnebo sengesett i valgfri farge
Eit lite smart bord
4 tøffe lysholderar 

 Dette har ein total verdi på ca.800kr.
(med forbehold om utsolgt, 
i tilfelle blir vara erstatta med noko liknande)
Eg har vore god kunde hos Jotex lenge. 
Dei er rimelege og har mykje fintNo for tida har dei ein kampanje gåande,
der dei seier at det ikkje treng å vere dyrt å skape 
sin eigen draumeheim;

"Jotex har eit bredt sortiment av hjeminnredning 
innen flere ulike stiler sammen med meget konkurransedyktige priser. 
På Jotex finnes også flere sengesett for rundt 50,- eller putetrekk for kun 20,-. 
Det vil jo si, billigere enn å ta en kaffe på by’n. For Jotex handler kampanjen om å vise at det både er lettere og billigere enn man tror å komme et par skritt nærmere sitt eget drømmehjem
 uansett stil, og det koster ikke ”skjorta”. At Jotex jobber med ren distansehandel
 gjør også at det blir enkelt for forbrukerne å handle til alle døgnets tider, 
og på den måten slippe å reise rundt og besøke alle mulige fysiske
 butikker for å finne riktig innredning."
Nettbutikken til Jotex finn du her!
Facebooksida til Jotex kan du like her!
Har du lyst å vinne? 
Alt du treng å gjere er å legge igjen ein kommentar under dette innlegget. 
Ein heldig vinnar blir trekt søndag 17.november. 

Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 29. oktober 2013

2 krakker blir "nye"

Eg fann to slike krakker på ein bruktbutikk for litt sidan. 
Dei var sjarmerande slitte. Men var samtidig litt kjedelege 
mangelen av farge, synast eg.
Løysinga vart å måle "sokker" på dei. 
Her ser de undervegs i måleprosessen ;)
No vart dei fargerike, meir tidsriktige
 og samtidig beholdt dei sjarmen med dei slitte detaljane.
Eg er fornøgd! ;)
I ein travel kvardag så digger eg slike raske 
"makeovers" som gjer stor effekt :)
Ha ein super tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 27. oktober 2013

Stol Før&Etter

Eg fekk denne stolen til bursdagen min i august av foreldra mine. 
Dei fann den bakerst i ein krok på eit garasjesalg dei fann langs vegen på ein helgetur.
Foreldra mine tenkte på meg og kjøpte den. Heldige meg! 
Eg digger formene og alle dei ekte slitte flekkane.
Han som selgde den meinte den burde målast. 
Noko eg er veldig uenig i!
 Men noko å site på måtte den ha. Og det har vi endeleg fått på plass. Ting tar tid ;) 
Mannen saga ut ei plate og skar til skumgummi. Eg stifta på eit 
skikkeleg glad-stoff som eg har kjøpt på Etsy. 
 Så vart den fiks ferdig til å delta
 i det fargerike felleskapet rundt spisebordet ;)
Eg er så fornøgd med denne spiseplassen etter at vi bytta ut stolane. 
Vi sit her mykje oftare enn før. Og det var målet :)
Det vart plutseleg stille i over ei veke her hos meg. 
Eg er hardt ramma av den berømte og omsnakka tidsklemma
Men eg vil ikkje gje opp blogginga. Det føles som ein
 liten fristad som eg ikkje vil miste ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 19. oktober 2013

Nokre oversiktsbilder..

..frå stovene våre. 
Eg har ikkje så mykje nytt å vise fram. 
Derfor har eg prøvd meg på litt nye perspektiv ;)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 16. oktober 2013

Onsdager er fine!

Onsdag er den beste dagen i veka. 
Det er fridagen til jentene og meg, ofte har mannen fri og. 
Litt helg midt i veka. Herleg!
Bildene er tatt i helga. 
Her er Ariel på veg til Haustakkefest i nye sko og skjørt, 
og med nyplukka epler frå hagen :)

Ha ein herleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 13. oktober 2013

Verda inn i stova

Eg har lenge hatt lyst på dette digre verdenskartet frå Ikea. 
No har eg endeleg fått det på plass. Og vi digger det! Vi elsker å reise og oppleve nye land. Så no kan vi studere kartet og drøyme oss bort til nye destinasjoner.
Dekorativt er det og, synast eg :)
Det har blitt ein del forandringer i spisestova vår i det siste. 
Og det har resultert i at det er blitt eit rom som vi bruker mykje meir. 
Og det er bra, for det var det som var målet ;)
Ha ein fortsatt herleg søndag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 11. oktober 2013

DIY små Trehus

Når vi sette i verandadøra, 
så tok vi vekk ein del av ytterveggen som bestod av tjukke treplanker.
Perfekt til å lage trehus av, tenkte eg med ein gong. 
Sånn er det når ein har dilla på gjenbruk ;)
 Sidan eg har litt verktøyskrekk, fekk eg mannen til å sage ut husa. 
Han var i tillegg så snill at han pussa dei for meg. 
Så var det for meg å ta fram målespanna
 og måle dei i fine farger :)
 For meg var vel ikkje dette ein gjer-det-sjølv (DIY) 
Det var heller ein mase-på-mannen-og måle-resultatet
Men er du litt handy og takler ei sag, er dette eit enkelt prosjekt for deg ;)
Eg synast dei vart litt søte
Kva synast du?

Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 7. oktober 2013

Varm, gnistrande haust

Ny utfordring frå Nib- jentene
Vis skal vise ildstadet vårt, eller noko anna som vi forbinder med haust
Haust for meg er blant anna sofakrok, noko varmt i koppen, lune tekstiler, stearinlys og handarbeid. Bildet er ein reprise. Det er ganske travelt om dagen, 
så bloggen får lide litt.  Eg kjem sterkare tilbake ;)
Alle dei flotte bidraga finn du her!

Ha ein fin-fin haustkveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 2. oktober 2013

Ny bildevegg

Eg har laga ein ny bildevegg
Her er ein god mix av nytt og gammalt, med ein dæsj farger
Akkurat slik eg liker det! Planen er å utvide 
den litt etterkvart :)
No for tida må eg vere snar å knipse bilder. 
For det varer ikkje lenge før "linselusene" dukker opp, 
og blander seg inn i motivet ;)
Ariel er blitt så flink å tegne at du ser kva det er. Og det er så moro
I dag tegna ho ein mann til meg, som eg ramma inn. 
Stor stas! ;)
Skapet er frå Ikea og er fornya med tapet kjøpt hos Etsy. 
Teppet på golvet er frå Home&Cottage :)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails