Eg er som mange andre stor fan av Cathrine Holm sitt Lotus- design.
Og då Sukkertøy for Øyet lodda ut ein slik nyprodusert
bolle for litt sidan, prøvde eg sjølvsagt lykka :)
Og eg var så utruleg heldig at eg vann den!! Hurra! :)
Den er kjempesøt, og ein ny favoritt! Bollen har Ida kjøpt hos Retroliv.
(dei er tomme akkurat no, men får inn igjen i slutten av juli)
Tusen takk Ida Susanne! :) Sjekk ut den
fantastiske bloggen hennes
Tusen takk for alle fine gratulasjoner angåande vår herlege lille Hermine.
De er så gode alle saman! Vi storkoser oss. Hermine er ein
kjempesnill baby og Ariel er stolt og flink storesøster.
Eg føler for å feire igjen ;)
Så følg med; snart kjem det ein flott Give Away
med premier sponsa av nettopp
Retroliv :)
Ha ei fin helg!
Klem frå Bjørg :-)