mandag 31. januar 2011

SøT NøkkelRinG :)

Madelen la for litt sidan ut dei søtaste nøkkelringer (som ho har sydd for hand) i sin 
bloggbutikk Under Trappa. Nokre var forma som cupcakes, og var
 ein typisk "må ha" ting i mine auge ;)

Den matcha vårveska mi frå Cath Kidston perfekt! :)
Veska er ikkje i bruk endå (venter på våren ;) men nøkkelringen får vere med
 meg på tur kvar dag!


Sjekk ut nøkkelringane og alt det andre Madelen har i butikken sin her og la deg friste ;)
Tusen takk for handelen, Madelen ;)
Eg er storfornøgd!


Mannen har første arbeidsdag etter pappapermisjonen idag, 
eg har fri og skal kose meg heime med Ariel :)


Ha ein strålande mandag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 30. januar 2011

BildeRamme Før&Etter

I fjor fann eg denne bilderamma på bruktbutikken. 
Eg leiter alltid etter slike når eg er på "tokt" der. For sjølv om eg bruker lite gull i huset, 
så er det fort gjort at det får ein ny farge;)


Eg tok sjølvsagt fram min yndlingsfarge for augeblikket; Lavendel
Og den fekk 2 strøk måling. Gjort på ein kveld 
framfor TV'en ;)


Eg hadde egentleg tenkt å lage tavle av ramma. 
Men mens eg venta på at mannen skulle begynne å sage til plate til meg,
 som eg kunne måle med tavlemåling å ha inni. Så hadde eg funne eit nytt bruksområde. 
Eg er ikkje spesielt tålmodig av meg ;)


Eg ramma rett og slett inn Foccaccia veggordet på kjøkkendøra. 
Hengte den berre over. Då vart det ein fin 
fargeklatt på kjøkenet :)


Tusen takk for så mange gode ord på forrige innlegg! 
Eg er heilt overvelda og glad for 
kvar einaste ein :)

Ha ein flott søndag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 27. januar 2011

♥ BanK

Eg har fått i hus eit perfekt eksemplar av noko eg har ønska meg lenge! 
Nemleg ei slik nydeleg gammal vekt
I love it!!! :)


Den passa så fint i kjøkenhylla mi ilag med alle
 pastellane der, synast eg :)

Eg blir glad berre av å sjå på den ;) 
Vekta er herleg gammal og nostalgisk med slitte kanter.






Om nokon lurer på om eg nokon sinne er på jobb på dagtid, fordi innlegga mine blir posta då. Kan eg seie at planlagte innlegg er ein fantastisk sak! No når dette 
blir publisert er eg nemleg på jobb og gjer så godt eg kan! 
Snakk om multitasking ;)


Tusen takk for alle gode ord de legg igjen til meg. 
Eg set veldig stor pris på det! Det er også kosleg at så mange vil vere med 
Give Awayen med gåvekort frå Frydbutikken.no som premie.
Det er framleis lodd igjen. 

Alt du treng å gjere er å legge igjen ein kommentar 
linken øverst til høgre :)

Ha ein fin tordag alle saman!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 25. januar 2011

Nytt i Fjordbua :)

Bloggbutikken min Fjordbua har fått lite påfyll den siste tida.
 Og den er nesten utsolgt, noko som er veldig moro! :) I helga fekk eg
 sydd litt nytt som eg har lagt i butikken.


Barneuro med 5 hjerter 
og pomponger i rosafarger ligg no for sal. 


Det same gjer denne blå varianten. 
Den har 5 hjerter og blondekant.

Barneuroane er fine å pynte med på barnerommet. 
Enten over vogga, barnesenga eller berre som pynt frå foreksempel taket. 
Eller kanskje over stellebordet? Det er kosleg for 
babyen å ha noko å sjå på :)


Eg har og sydd ei vimpelrekke i lilla, blå og grønfarger med blondekant. 
Denne kan ein pynte med overalt. I vindauget, i tallerkenhylla,
 på veggen og mykje meir :)


Planen er å få laga meir for salg i Fjordbua
 så snart som tida strekk til :)

Ta gjerne ein titt i Fjordbua her! Om du lurer på noko, kontakt meg her; husetvedfjorden@hotmail.com

Ha ein strålande tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 23. januar 2011

Settekasse kledd opp i tapet frå PIP♥

I november kjøpte eg ei settekasse frå Madelen sin flotte bloggbutikk 
Kreasjoner frå Under trappa. Der ho i tillegg til å selge ting ho lager, sel loppefunn. 
Settekassa har vore eit av mange prosjekt eg ikkje har komen
 igong med, før tidleg denne veka.

Slik såg settekassa ut før:


Eg berre måtte ha den sidan den hadde det lille ekstra, 
den er forma som eit hus ;)

Slik ser den ut no:

Den vart måla kvit. Og som så mange andre her i Bloggland 
har eg vore ivrig shopper hos inreda.com og skaffa meg tapetprøver, 
3 gonger faktisk ;) Så settekassa fekk
 tapet frå PIP i bakgrunnen.


Ein ildtopp har også flytta inn i Fjordhuset. 
Eg blir voldsomt tiltrekt av rosa, kjenne eg ;)


Ariel hadde veldig lyst å rydde "rotet" som Mammaen
 hadde dandert for å fotografere ;)


Eg er litt usikker på kor eg skal ha settekassa. 
Ariel har allereie to stk på rommet sitt. Så det helde, trur eg :) 
Men eg finn vel på eitkvart!


Vi har hatt ei kjempekosleg helg, og energien er på veg tilbake!

Eg håper alle har hatt ei fin helg, 
og nyt søndagen vidare!

Klem frå Bjørg :-)
(PS; husk å melde deg på Give Awayen min, link øverst til høgre ;)

lørdag 22. januar 2011

Lyslyktene mine...


...er i Boligpluss denne månaden. 
Og det synast eg er superstas! ;)

Det har og dukka opp nokre fine stoff frå Stoff og Stil i posten til meg! (mystisk!;) 
I tillegg har Mamma rydda i sysakene sine, og kom 
med mange godsaker til meg.
Så eg er å finne på 
syrommet! ;)

Ha ein fin laurdag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 21. januar 2011

GoD FreDaG!

Den beste dagen i veka er her. 
Eg og Ariel skal ha jentehelg, sidan mannen skal spele med bandet i helga.
Helga ligg foran oss ubrukt og full av kos :) 


Rosene var begynt å henge med hovudet. 
Så eg klipte av toppen og la dei i ei skål med vatn. 
Så kan eg nyte dei litt lenger ;)

Eg har dessverre ikkje hatt den heilt store energien i det siste. 
Så eg har vore dårleg til å legge igjen kommenterer. 
Eg lover å kome sterkare tilbake:)

Ha ein fin fredag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 19. januar 2011

"Rydde"-Trollet ♥

Ariel er komen i den perioden der ho "rydder" alle bordflater ho kjem over. 
Alt skal ned på golvet ;) Og det har ført til ein del tomme stader i
 stova vår  (ikkje golvet vel og merke ;)der det før har stått 
dill og dall i fred og ro.


I dag når ho tok formiddagsluren sin stæsja eg litt på denne vesle kommoden. 
Berre fordi eg kunne gjere det liksom ;) 
Og sjølvsagt tok eg litt bilder.


Kommoden er måla i Lavendel. Lysestakane er eg veldig glad i. Dei kjøpte eg på bruktbutikken, dei var då mørkeblå med gullkant. Men med så mykje anna her i Fjordhuset, vart fargen snart endra på ;) 


Dei store lysestakane er spraya kvite, dei to mindre er måla i  lavendel og hammershöi. 
Ramma er spraya i signalgul. Eg synast gult og lilla er 
ein sprek kombinasjon :)


Før Ariel vakna vart imidlertid lysa blåst ut og stæsjet sett utanfor rekkevidde 
for små ivrige "rydde"- hender ;)


Ha ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-) 
(som nyt fridagen min, med verdens søtaste jente og litt tomme bordflater her og der ;)

mandag 17. januar 2011

Ny Lue frå Jannes Lille Butikk♥

Janne Merethe lager dei nydelegaste ting som ho sel i Epla- og Bloggbutikken sin. 
Då ho viste ørelappluene sine var eg solgt. Måtte berre ha ;) 
Så no er eg den heldige eigar av ei kjempegod og fin lue. 
Den skal bli herleg å ha resten av vinteren!


I pakken sendte ho med desse to kjempesøte hårklemmene, 
Ariel har allereie tatt dei i bruk :)

Tusen takk for god service, Janne Merethe!
Eg anbefaler varmt besøk på den flotte og inspirerande bloggen ho skriv Jannes Lille Sted. Eplabutikken finn du her og bloggbutikken finn du her

God fornøyelse! :)

Klem frå Bjørg :-)
(som er klar for seinvakt og endeleg frisk igjen :)

søndag 16. januar 2011

VåR i StovA :)

Eg veit vi fortsatt skriv januar, og ute er det masse snø
Derfor synast eg det er godt å vere inne i eit hus med vårfølelse. Det gjer meg meir 
energi og det er slik eg trivst best :)



Ein liten dæsj farge her og der,
 i alt det lyse :)


Tusen takk til alle som har meldt seg på Give Awayen min, 
og de som har lagt igjen slike fine kommentarer. 
You make me HappY :)


Ha ein flott søndag!


Klem frå Bjørg :-)
(Fortsatt lodd igjen på Give Away, du finn link øverst til høgre ;)

fredag 14. januar 2011

Det var på TIDE :)

I går fekk vi endeleg på plass den nye varmepumpa vår.
 Vi kjøpte pumpa i november (!) og fekk beskjed om at den skulle monterast 13. desember. Kvelden før gjorde min kjære det klart for montøren, 
ved å rive ned den gamle (som fortsatt virka,
men vi ville ha ei kraftigare ei..)


Eitpar timar etter han hadde gjort dette fekk han telefon om at montøren ikkje 
kunne kome før tidlegast etter Nyttår! Så der stod vi med eit stort delvis uisolert hus, 
enkle vindauge i 2. etasje og berre ein ovn 
å varme opp med (+ elektriske på soveromma)

På det kaldaste hadde vi 6 grader i gangen. Brrrr! 
Men varmt i stova foran ovnen,
 heldigvis :)

Men idag med ny pumpe innstallert var 
det andre boller, varmt og herleg! 
Me like :)

God helg alle saman!

Klem frå Bjørg :-)


Husk å melde deg på Give away, med gåvekort på kr.500,- hos frydbutikken.no som premie. 
Meld deg på med link øverst til høgre :)

torsdag 13. januar 2011

SweeT as CandY :)

I fjor kjøpte eg eit speil i gull på eit loppemarked. 
Gull er fint nok det, men det passer ikkje inn i Fjordhuset. 
Så eg har hatt framme målekosten, igjen ;)


Speilet har fått nokre strøk med fargen Hammershöi
Som er ein av pastellfargane eg har forelska 
meg fullstendig i ;)


Mens eg måla kom det fine roser til syne. 
Det er så moro å sjå korleis detaljane kjem bedre fram når gjenstanden 
blir lysare :) 


Planen er å ha speilet på Ariel sitt rom. 
Men det pynta igrunn fint på bordet og. Så eg trur det får 
vere der litt til ;)

Ariel blir no henta frå sin 2. dag aleine i barnehagen! 
Så no gleder eg meg (som er sjuk og ligg på sofaen) til å få min flinke lille venn heim :)

Eg håper alle har ein fin torsdag!


Klem frå Bjørg :-)

onsdag 12. januar 2011

KrakK Før&Etter ♥

I slutten av oktober ifjor fann eg denne krakken 
på eit loppemarked i nærheten. Den vart sjølvsagt med heim ;) 
Eg hadde egentleg ikkje tenkt å gjere noko med den. Men så var det
 denne aktiviteten blant dei små grå og kløen i fingrane då...


Etter mykje fundering fram og tilbake, 
tok eg meg sjølv i at eg hadde funne fram lilla måling.
 Og krakken vart utsatt for vask og pussing!



Krakken vart som sagt måla i lilla-nyansen Lavendel
På toppen strekte eg 2 lag med vatt og eit Tildastoff over. Som eg stifta 
fast under kanten. Slik blir det litt mjukare for 
store og små rumper ;)



Og eg seie meg fornøgd med resultatet.
 Sukkersøt og lekker å sjå på, 
synast eg då:) 


Det var moro å forandre den slitte krakken til ein søt sak som frisker opp. 
Den vart liksom litt meir min stil ;)




Nokon meiner sikkert at krakken burde ha vore som den var
Men eg har ein til som skal få behalde sin 
gamle utsjånad :) 
Til slutt eit tips til oss som digger Green Gate. 
Frydbutikken har salg på GG- krus til kun kr. 39,- Trykk her for å sjå!
For å vinne gåvekort i same nettbutikk kan du ta lodd i min Give Away
Link øverst til høgre:)

Ha ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails