søndag 28. februar 2010

Søndag og hobbylering...

I helga har vi hatt besøk av søstra mi og ungane henna. Tanteungen min på 9 år er veldig kreativ, og deler mi interesse for scrapbooking. Derfor fyllte vi stovebordet, og sette oss ned for å pynte fyrstikkesker med meir.

Eg har fått ein forkjærlighet for desse englebildene, som eg har skreve ut frå internett. Dei brukte eg til å dekorere Norgesglas til lys og tre fyrstikkeske.



































Tanteungen min pynta eit glas med lokk og ei fyrstikkeske. Sjå kor flink ho er :-)






























Koseleg og enkel kreativitet på ein søndag!

Håpa du har hatt ei fine helg!

Klem :-)

lørdag 27. februar 2010

Prosjekt spraying del 1...

Kommoden i gangen oppe er begynt å bli litt penare ;-)




Ramma er den eg kjøpte på Bruktbutikken i Stryn. Den har fått seg ein omgang med perlegrå spray- lakk. Bildet av Ariel har eg skreve ut på fotopapir i gråtoner.


















Bokstaven er frå Kremmerhuset, blomsten er plast frå Bohus og potta er lattekrus frå Green Gate <3
Lysestaken er frå IB Laursen, kjøpt på restesalg på Bohus til 25 (!) kr. Den er opprinnelig brun, med spraylakk vart den mykje finare og matcha ramma ;-)























Eg har gått litt amok med den perlegrå spraylakken. Synast det var ein fin farge.
Perfekt til kvitt og pasteller ;-) Fleire ting står i fare for å skifte farge!

Her har vi hatt ein flotte laurdag med sol, besøk og gode pizza som mannen har laga!

Tulipaner er komt i hus og....dette er yndlingsblomstrane mine!
Skikkeleg VÅR- blomster. Og DET lika vi ;-)























Ha ei fortsatt god helg!

Klem :-)

fredag 26. februar 2010

Gangen i 1.etasje...


Når eg dreiv å pynta igår..fann eg ut at eg trengte det og det og det...og den skulle hatt anna farge osv...så det vart Førdetur idag (det lukta svidd av visaen ;-)....og fleire forskjellige ting ligg til tørking etter ein omgang med sprayen. Spennande!:) gleder meg til det ferdige resultatet... Inntil vidare viser eg no fram gangen nede :-)


Gangen i første etasje er nesten ferdig..vårt neste prosjekt her er denne:




Trappa skal målast heilt kvit, utenom trinna som skal få grått teppe..men som med mykje anna ting tar tid ;-)


No er godteskåla fyllt opp, og vi har huset fullt av besøk!:-)
Ha ein flott fredagskveld!

Klem :-)

torsdag 25. februar 2010

Litt ommøblering...



I dag har eg fått fart på ommøbleringsplanane mine i 2. etasje. Denne kommoden som er eit oppussa loppefunn er komen inn på Ariel sitt rom igjen. Stolen stod i huset før, den har og fått plass på rommet. Den blir nok rosa med tida, for å passe inn..Og ENDELEG er den kvitmåla loppis-tallerkenhylla komen på veggen :-) Takka vere Arielpappa :-)




Gangen oppe har lenge sett skikkelieg shabby ut (i negativ betydning ;-) Den har mange krinkler og kroker og mange dører å ta hensyn til. Men med litt ommmøblering er det begynt å bli bedre. Hylla og stolen er flytta ut frå Ariel sitt rom..og det er komen ein blomster i vinduskarmen. Med tida skal golvet slipast og oljast, og eg lure på å ha liftgardin i tillegg i vindauget. Og gelenderet på trappa skal sjølvsagt målast ferdig :-)




I denne kroken har kommoden min frå Jysk fått plass. No skal eg bruke resten av kvelden til å kose meg med  pynting av kommodane, tallerkenhylla og bokhylla :-) Det er det KJEKKASTE eg veit!!! :-)

Ha ein strålande kveld du og ;-)

Klem :-)

onsdag 24. februar 2010

Verdens beste...

.....ARIEL :-)






















har plutseleg begynt å holde og plukke opp leikane sine idag! Sjå kor ho konsentrerer seg..og gjett om ho er STOLT ;-) Det er selvfølgeleg foreldra og! Det varmar eit Mammahjerte å sjå korleis ho utviklar seg dag for dag! :-)
Hadde høyrt mykje på førehand om kor flott det er å bli mamma, men at det er så FANTASTISK hadde eg ikkje trudd ;-)

Må og få vise dokke denne fine speledåsen Ariel fekk i velkomen-til-verda presang frå min onkel. Den er mjuk, god kvalitet, speler fin musikk og ikkje minst FIN! :)



Den er av merket Kaloo. Du finn fleire fine bamsar og babyutstyr frå kaloo HER! Er ikkje dei fine?? ;-)

Kaloo 123 Large Bear
Lilirose Medium Bear
To siste bilder henta frå www.kaloo.com


Ariel har hviska meg i øyret at ho ønsker seg fleire slike, og då må ho jo få det ;-)

Ha ein flotte kveld alle sammen!

Klem :-)

tirsdag 23. februar 2010

Lysekronene mine..

Eg er heilt forelska i lysekroner. Eg vart beordra av Fru Luna om å vise fram mine ;-)
Og det gjer eg med glede!! :-)
Eg har nokre stykker...Heile 6 stk faktisk. Kunne gjerne hatt i kvart einaste rom, men må jo begrense meg litt..;-) Ville gjerne ha på badet, men vart nedstemt. Arielpappa meinte at vi kom til å stange opp i den, men sånne bagateller burde vi vel ikkje henge oss opp i?? ...måtte nok gje meg der ;-)




































I Spisestova heng denne flotte krona kjøpt på Bohus..vurderte ei stund å spraylakkere den kvit, men trur kanskje den skal forbli brun....kva syns du?





































I TV- stova heng denne lekkerbiskenen ;-) Denne er kjøpt på salg for KUN 499,- på Skeidar. Eit KUPP spør du meg :-)













































Denne flotte saken fekk eg tak i på same salet. Kun 499,- for den og!!! Blir glad inni meg av å sjå på dei ;-) Den har vi hengt i gangen i 1. etasje.





























Denne fekk vi i innflytningspresang frå mine foreldre og søsken..etter bare pittelitt hinting frå mi side ;-) Den henger i gangen i 2.etasje.
Det er ein  grunn til at dokke får sjå berre den....ikkje ferdig å pusse opp her ;-)













































Vi har to av desse lysekronene som er kjøpt på Jarles Gavesenter i Førde. Denne viste eg igår, den er plassert på soverommet vårt over senga.






























Gjestene våre må jo selvfølgeleg ha lysekrone og. Den andre av samme typen er hengt over senga her.

Det var nok ein bildekavalkade frå Fjordhuset.....

Ha ei god natt allesaman!
Eg skal drøyme søtt under lysekrona mi! ;-)

Klem :-)


Bake litt...

















har laga Blåbærmuffins idag. Mmmmmm!! Det er godt det...og veldig enkelt å lage :-)
Kjøpte for litt sidan denne boka..


Her er mange gode oppskrifter og kjempeflotte bilder...Den selgast i bokhandelen til 99 kr.
Den oppskrifta eg har brukt mest er denne:

Muffins ;

300 gr kveitemjøl
1 ss bakepulver
1/8 ts salt
120 gr sukker
2 egg
2 dl melk
100 gr smelta avkjølt smør
1 ts vaniljesukker
blåbærsylte (evt anna sylte, eller ferske bær)

Bland det tørre i en bolle. Rør sammen væska, og hell den i det tørre. Fyll opp halvparten av muffinsforma med røre, ha i sylte i midten og fyll opp resten med røre.

Steikast på 200* i 20 min

Nam, Nam!!!  :-)








Velbekomme!! No skal vi kose oss ;-)

Klem :-)

mandag 22. februar 2010

Soverommet vårt...

eg har funne ut at blogging er ein effektiv måte å holde huset ryddig på. I går fekk eg rydda badet, mens eg hadde fotoseanse..og idag stod soverommet for tur. Då gjelde det jo bare å ikkje falle for fristelsen å berre flytte på rotet slik at det er ryddig der fotoapparatet "ser" ;-)



Arielpappa hadde veldig lyst å innrede eit av romma i huset vårt med marine- preg..Eg var veldig snar å foreslå soverommet..ville ikkje risikere at det vart stova liksom ;-)





Vogga laga Besten min då han levde, og den er blitt en kjær ting! Her søv Ariel om natta :-)


Rommet vart berre måla før vi flytta inn. Seinare må vi ta det igjen. Her må det isolerast og skiftast vindauge. Og golvet har eg lyst å slipe ned og olje som vi har gjort i stova.
Typisk at denne vinteren skulle bli så kald, når vi søv på eit uisolert soverom, med enkle vindauge...då er det godt med ein ovn som varmer opp :) (..og høøøg strømregning)










Arielpappa vart fornøgde med den marine- prega innredninga eg fekk til. Og eg er igrunn fornøgd sjølv. Passer godt med blått på soverommet, sålenge ein har lysekrone og ;-)

Hmmm..lurer på kva rom som bør ryddast/bloggast neste gong :-)

Vi snakkast!

Klem :-)

søndag 21. februar 2010

Badet vårt...























Baderomsinnredning frå IKEA

...er heilt nyoppussa. Det var det siste som vart ferdig før vi kunne flytte inn. Det opprinnelige badet var knøttlite, så vi slo ned ein halvvegg inn til soverommet ved sidan av og tok det inn i badet slik at vi fekk god plass :-) Golv, tak og vegger vart ribba. Det vart isolert og lagt varmekabler. Golvet vart flislagt, og veggane fekk baderomsplater. Framleis gjenstår det å få måla dørene (jepp, vi har ei inn til soverommet og ;-) og dørkarmane kvite. Og det blir snart føle eg..no har dei irritert meg lenge nok ;-)

Her får du ein bildekavalkade av badet, rykande ferske bilder..tatt idag ;-)








































Badekar med løveføtter ville vi ha. Dette er frå Coop Extra Bygg



















Dusje kan ein gjere i fred og ro bak halvveggen


























Tivoliradio og grått dosete må ein ha ;-)





Såpedispenser og speil fekk eg i gåve av Arielpappa, kjøpt på Kreta. Lysestakane er frå Ikea, Bohus og Nille. Den lille karaffelen stod i huset og skåla og såpedispenser er nyinnkjøpa mine frå Lisbeth Dahl.





Bildene av Pin up- damene likte Arielpappa veldig godt ;-) Dei er skrevne ut frå internet. Fil de Fer korga er frå House Doctor med ymse opp i. Toalettveska er frå Lisbeth Dahl og speilet er frå Jysk.

Vil absolutt påstå at badet vårt har komt seg betrakteleg! Angrer veldig på at eg ikkje har tatt før- bilde..men sånn er det. For seint no :-)

I dag har eg mange prosjekt på gang..eg blogger litt mellom malingsstrøka. Seinare skal eg og Ariel på middag hos mine foreldre. Så kjem vel Arielpappa heim etter hyttetur utpå kvelden!

Ha ein strålande søndag!

Klem :-)
Related Posts with Thumbnails