torsdag 30. desember 2010

Bok Som Fekk Det Til Å Klø I FingranE ;)

Eg fekk mykje fint til jul i år. 
I dag har eg lyst å vise dokke ei bok eg fekk frå min Kjæres foreldre. 
Og den har dei handla i min yndlingsbutikk i Winchester; 
Cath Kidston !


Min kjære sin Mamma har også stor interresse for sying
Og fann denne fantastisk inspirerande 
boka til meg.


Boka heiter SEW! av Cath Kidston. 
Og inneheld mange flotte syprosjekt i dei herlegaste blomster og pasteller. 
Bildene i boka er så flotte og inspirerande.
Akkurat slik eg elsker det! :)


Desember har egentleg vore ein litt laber månad for meg, når det gjeld sying og andre kreativiteter. Men når eg sette meg ned å bladde i boka kom
 kløen i fingrane til å lage noko tilbake 
for fullt!


I dag har eg vore ein tur på syrommet, og snusa litt i stoffa mine (hehe, tekstilstoff altså ;) 
Eg har knipsa litt bilder, og så smått begynt å planlegge litt syprosjekt. 
Men eg venter til etter nyttår med å starte på dei. 
No er eg for opptatt til å ete snop og kose 
meg med familien min ;)


Boka SEW! av Cath Kidston kan du blant anna
 bestille hos  Amazon om du skulle vere interressert i det :) 
På linken kan du også bla i boka!


I morgon reiser vi til min Kjæres familie for 
å feire Nyttår der. 
Difor benytter eg anledninga no til å 
ønske deg og dine eit fantastisk godt Nyttår!

Stor Klem frå Bjørg :-)

onsdag 29. desember 2010

Kreative Syssler i 2010 :)

2010 har vore eit kreativt og morosamt år for meg. 
Eg har satt saman litt bilder av nokre av mine små prosjekt eg har 
kosa meg med dette året.

(så får eg heller prøve å gløyme alle listene, trappa og anna kjedeleg 
som egentleg burde vore årets prosjekt ;)


Eg kjenner eg gleder meg til å ta fatt på 2011, og starte på 
nytt med nye kjekke prosjekt. Og ikkje minst til å få ut alt det juleraude, 
og inn med mine gode vener pastellfargane! ;)

Ha ein fin Romjulskveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 28. desember 2010

Gåve i Posten :)

I oktober hadde eg ein Give Away for å feire utrulege (for meg ihvertfall ;) 30 000 besøk! 
Vinnaren av 2.premien vart koslege Thora. Premien var ei valfri 
vare på lager i min bloggbutikk


Men sidan Thora hadde veldig lyst på eit babyteppe i rosa, 
som eg ikkje hadde på lager.Så sydde eg babyteppet til 
henne som premie. Som takk fekk eg 
ei gåve i posten :)


Og det var jo berre utruleg kosleg! Her skulle eg gje vekk gåver, 
også fekk eg jammen tilbake og! 
Tusen, tusen takk 
snille deg! :)


I pakken fann eg det nydelegaste sjal som Thora har hekla(?) sjølv. 
Det var perfekt etter min smak, og er stadig i bruk.
Igjen Thora; Tusen takk! :)


Når eg likevel er innom emnet feiring av bloggen min, 
så er eg utruleg stolt når eg ser at besøkstalet no er komen godt over 50 000 (!) 
Det er heilt fantastisk og ganske ufatteleg for meg at så 
mange finn interesse av min vesle blogg. 

Tusen tusen takk til alle som titter innom! 
Eg set utruleg stor pris på 
dokke alle

No skal eg forsette gode romjulsdager. 
Formen er heldigvis på topp igjen, og det ser ut som om Ariel slapp unna. 
Heldigvis! :)

Eg håper alle koser seg!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 25. desember 2010

1.JuLeDag :)

Ein fin julekveld er over for i år. 
Vi har feira julafta i eige hus for første gong. Middagen hadde vi 
hos Mamma og Pappa, men risengrynsgraut med 
mandel og pakkeopning hadde vi hos oss.
Og det var kosleg!

Det var mykje fint under treet i år. 
Og vi vart alle veldig fornøgde.
 Tusen takk igjen :)

Klart for risengrynsgraut, Pappa stakk av med marsipangrisen ;)

Eit lite skår i gleda er at spysykja har herja i heimen. 
Først mannen natt til Lillejulafta, så eg natt til julafta. Ariel er heldigvis 
frisk som ein fisk. Ikkje noko kjekt med slikt, men 
kosleg julafta vart det likevel :)


Ariel hadde raud julekjole med svart cardigan. 
Og jenta vår har tatt sine første skritt med lære-seg-å-gå vogna si som ho fekk 
til bursdagen 2.desember ;) 
Stor stas kan de tru ;)


Eg håper alle får koslege romjulsdager!


Klem frå Bjørg :-)
(som er på bedringens veg :)

torsdag 23. desember 2010

God JuL til Deg og Dine! ♥

Då har endeleg julefreden senka seg i Fjordhuset. 
Det eg ikkje har fått gjort til no, blir ikkje gjort likevel har eg innsett. 
Men jul blir det nok uansett ;)


Eg vil så gjerne
 ønske alle som er innom meg ei 
riktig god jul og eit godt nyttår! 


Tusen takk for året som har gått. 
For alle gode ord og all inspirasjon de har gitt meg! 
Eg gleder meg allereie til det nye året :)

Sjølv om eg takker for det gamle året no, 
titter eg nok innom igjen før det nye er her ;)


Kos deg resten av Kvelden før Kvelden!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 21. desember 2010

HurRa, eg har JuleFeriE!

I dag har eg hatt min siste arbeidsdag før jul. 
Så no venter nesten 2 veker med berre avslapning og kos! 
Og eg liker det! :)


Planen for kvelden var imidlertid å springe rundt med støvkluten
rydde vekk alt rotet som på "mystisk vis" har dukka opp (og sjølvsagt ikkje er fotografert ;) 
og vere supereffektiv!


Men realiteten er at etter Ariel si leggetid, 
har eg liksom fått eit grådig godt forhold til sofaen ;) 
Og eg kan love deg at forholda her heime ikkje står heilt i stil med då bildene 
eg viser vart tatt.


Ja, ja..
..det kjem ein dag imorgon og. 
Det er viktig å ikkje stresse ;) 
(hvertfall ikkje idag;)




Ha ein fin tysdag! 

Klem frå Bjørg :-) 
(som garantert vil angre sine valg når realiteten tar meg imorgon ;)

søndag 19. desember 2010

Det nærmer seg! :)

Det nærmer seg jul med stormskritt, 
og det meste er i rute til den store dagen! 
Berre ein skikkeleg husvask og juletre mangler :)


Tusen takk til alle som ville dele sine julefilmfavoritter med meg. 
Eg fekk mange gode tips som skal sjåast i romjula. Sjå i kommentarfeltet i innlegget under for mange gode julefilmer som bør sjåast :)



I går var vi med på moro 30 års- feiring, 
og ikveld blir det avslapning på sofaen. 
Det merkast at ein begynn å 
bli gammal ;)


Bildene er av min nyaste juledekorasjon
Fatet og konglene er kjøpt på Nille og soppen er kjøpt på ein lokal butikk.
Enkelt og stemningsfullt til jul :)


Eg har ikkje vore flink å besøke dokke andre flotte bloggejentene i det siste. 
Tida går i frå meg, men eg titter snart innom! :)

Ha ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-) 
(som er ein smule redusert ;)

torsdag 16. desember 2010

JuleFilmeR

Eg er veldig glad i film
Og i jula er det nokre filmer eg berre sjå for å kome i den 
rette stemninga



Eg tenkte eg ville dele mine julefavoritter med dokke. 
Og kanskje du vil tipse meg om filmer som gjer deg julestemning? :)



The Holiday er ein heilt perfekt film i mine auge. 
Den handler om 2 damer som bytter hus i jula, og finn seg sjølv og kjærleiken i same
 slengen ;) Eg har snart sett den omtrent 100 ganger, og eg grin framleis kvar einaste gong. Den er så fin, og har slik ei lun og kosleg stemning i seg. 
Og ikkje minst er den romantisk :)
 Du kan lese meir, sjå trailer og kjøpe 
den her!


Santa Claus er ein film eg såg første gong som lita jente.
 Vi tok den opp på VHS, og kasetten såg vi så mange ganger kvar einaste jul, 
at den til slutt vart heilt utsleten. Gleda var derfor stor når eg klarte å spore den opp på DVD for eitpar år tilbake :) Dette er god gammaldags amerikansk jul på sitt 
beste med kosleg julenisse på nordpolen og herleg julestemning. 
Du kan lese meir om den her!


Er det nokon som husker serien om Narnia som gjekk på NRK i romjula for lenge sidan?  Dette er serien der skodespelerane er kledd ut som dei snakkande dyra, 
ikkje nokon spesialeffekter her ;) Den huskar hverfall eg! 
Eg blir nostalgisk når eg tenker på meg
 og søskena mine som drog med oss 
dyna inn i stova kvar morgon
 i romjula for å sjå på serien. 
Gode minner! :)
 No har eg funne den på DVD. 
Du kan lese meir om
 den her!


"Tre nøtter til Askepott" treng vel ikkje nokon introduksjon? ;) 
Eg sjå den kvar julafta, sjølv om eg kan filmen utenatt
Berre å ha musikken og stemma til fortellaren 
i bakgrunnen er julestemning for meg :)
 Du kan lese meir om den og bestille 
den her!

Eg håper du vil dele dine julefavoritter med meg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 14. desember 2010

LitT JuleStæsJ i GangEn :)

På laurdag var eg på julegåvehandel, 
og jammen vart det ikkje med litt "gåver" til meg sjølv med heim og. 
Veldig fort gjort ;)


Noko av stæsjet som "havna" i posen, 
pynter no opp i gangen vår
andre etasje.


Slike zinkhjerter har eg sikla etter lenge! 
No er eg den stolte eiger av dette som heng her + 
2 litt mindre som skal henge 
kjøkenet :)


Fatet, konglene og soppen er også nye av året ;) 
Lyset har eg pynta med eit hjerte klippt ut av ein serviett 
(etter inspirasjon frå Love Peace Pionies
og smelta den inni lyset ved hjelp 
av ei oppvarma skei.


Ellers har det blitt litt stopp i juleforberedelsane her i heimen. 
Eg skulle ha laga julekonfekt, pakka inn gåver, 
pynta pepperkakehus- og hjerter
 osv osv... 

og kva gjer eg? Jo, eg ligg strak ut på sofaen uten energi! 
Heldigvis er det endå nokre dager til jul, 
men det nærmar seg kjapt :)


Eg synast det er ei stor ære å få kome blant alle dei fantastiske bidraga 
som er plukka ut til NIB sitt inspirasjonsgalleri 
for desember - Jul i vårt hus. 
Du kan sjå galleriet

Og så vil eg gratulere så mykje til mine dyktige bloggevenner
Kristina og Madelen som er blant finalistane! 
Du kan stemme på dei her!

Tusen takk for alle søte ord de legg igjen, 
eg blir så utruleg glad!

Ha ein fin tysdag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails